Cadre på Småkraftdagane 18.-20. mars

Neste veke tek Cadre turen til Bergen nok ein gong for å delta på Småkraftdagane 2024!

Småkraftdagane er sjølve høgdepunktet i året for dei fleste småkraftinteresserte. Da møtest fagmiljø, leverandørar, politikarar, utbyggjarar og gjester i tre dagar for å utveksle siste nytt i bransjen.

Småkraftdagane 2024 blir arrangert på Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen 18-20. mars. standplass 10 og 11 riggar vi opp vårt lille skipperhus og gjer oss klare for mange gode småkraftpratar.

Cadre er ein vasskraftsprodusent som eig, driv og utviklar småkraft. Vi lever av langsiktige samarbeid med grunneigarar over hele landet, som ynskjer profesjonell forvaltning av sine lokale ressursar.

Er du grunneigar med fallrettigheiter? Har du eit fall, utbyggingsprosjekt, ein konsesjon eller eit kraftverk i drift, og er på jakt etter ein ny samarbeidspartnar? Da vil vi høre fra deg!

Og kjem du på Småkraftdagane i år? Ikkje nøl med å gripa tak i oss!

Ta gjerne kontakt med Bjørn Jacobsen for eit møte eller ring oss på telefon 41 177 900.

Les meir om programmet på Småkraftforeningas nettsider.